Modalen er ei fredeleg perle i enden av Osterfjorden i Hordaland. Halvanna time nord for Bergen kan du oppleve storslagen natur og besøkje trivelege lokalsamfunn som byr på kortreist mat og store opplevingar.
For mange er Modalen eit ferieparadis, men det er nok enno fleire som aldri har besøkt den vesle kommunen vår. Det har vi lyst til å gjere noko med!
På denne sida kan du finne noko av det vi har å by på til dei som reiser til Modalen. Vi har mange flotte tilbod frå ulike aktørar, men kommunen vår er også ein fin stad å berre stikke innom utan nokon planar. Her kan du finne ein oversikt over gratistilboda vi har i Mo sentrum, samt ein del praktisk informasjon, til dømes knytt til reiseruter og kollektivtransport.
Sandstrand
Fotballbane
Leikeplass
Ballbinge
Kyrkje
Parkområde
Ønskjer du eit skreddarsydd opplegg? Vi lagar gjerne til ein pakke med overnatting, aktivitetar og opplevingar til deg ut frå dine ønskjer og behov. Ta kontakt, så set vi opp eit forslag. Om du lurer på kva ein pakketur til Modalen kan innehalde kan denne filmen produsert av Nese Media gje eit inntrykk av noko av det vi har å by tilreisande.
Eit ferie- og konferanseanlegg som tilbyr unike moglegheiter for sine gjestar.
Ei sjarmerande fjellstove i Stølsheimen for små og store samlingar.
Storslåtte naturopplevingar og triveleg innekos «på toppen» av Modalen.
Bakst med lokal forankring. Gode smakar og gode opplevingar på ei og same tid.
Heimalaga mat basert på tradisjon, handverk, og ein solid porsjon kjærleik til mat.
Noko du treng? Lokalbutikken har eit stort utval med daglegvarer og anna.
Bakverk av alle slag som du kan ta med deg eller nyte i trivelege kafélokale.
Eit ferie- og konferanseanlegg som tilbyr unike moglegheiter for sine gjestar.
Ei sjarmerande fjellstove i Stølsheimen for små og store samlingar.
Eit koseleg pensjonat tre kilometer frå Mo sentrum.
Leilighet i Mo sentrum
Storslåtte naturopplevingar og triveleg innekos i Eksingedalen.
For deg som ønskjer å komme tett på natur og kultur i ei vakker vestlandsk fjord- og fjellbygd.
Besøk ut.no for gode turforslag i Modalen
Eit allaktivitetshus som inneheld eit breitt tilbod for både små og store.
Modalen Camping har tolv plassar med straumuttak.
Bakst med lokal forankring. Gode smakar og gode opplevingar på ei og same tid.
Bli med på hundekøyring i storslåtte omgjevnadar.
For deg som ønskjer å komme tett på natur og kultur i ei vakker vestlandsk fjord- og fjellbygd.