Meny

Haugen Fjellgard

Haugen Fjellgard ligg midt i Eksingedalen med fin utsikt utover det spektakulære landskapet i dalen. Her er det gode moglegheiter for fjell- og fisketurar om sommaren, og skiturar om vinteren. Det er full drift med mjølkeproduksjon frå kyr på Haugen Fjellgard, som og har ein støl til utleige fire kilometer frå garden (bilveg heilt fram til stølen).

På Haugen Fjellgard kan du bu i hytter, gardshus og stølshus. I storstova på garden er det plass til 25 personar rundt matbordet, og vertskapet serverer gjerne frukost, lunch og middag til tolv personar eller fleire.

478 82 454
post@haugenfjellgard.no
Oversikt over stadar å sove i Modalen Praktisk informasjon