Modalen er ei fredeleg perle i enden av Osterfjorden i Hordaland.

Halvanna time nord for Bergen kan du oppleve storslagen natur og besøkje trivelege lokalsamfunn som byr på kortreist mat og store opplevingar.

 

For mange er Modalen eit ferieparadis, men det er nok enno fleire som aldri har besøkt den vesle kommunen vår. Det har vi lyst til å gjere noko med!

På denne sida kan du finne noko av det vi har å by på til dei som reiser til Modalen. Vi har mange flotte tilbod frå ulike aktørar, men kommunen vår er også ein fin stad å berre stikke innom utan nokon planar. Her kan du finne ein oversikt over gratistilboda vi har i Mo sentrum, samt ein del praktisk informasjon, til dømes knytt til reiseruter og kollektivtransport.

Siste nytt frå iModalen

Kva vil du gjere iModalen?

Siste Instagram-innlegg fra iModalen