Meny

Aktiv i Modalen

Natur + kultur + ro + energi – det er Aktiv i Modalen. Selskapet vart etablert av Liv-Anne Aanesen for 10 år sidan, av kjærleik til landskapet, fjella, folka og kulturen i fin kombinasjon med virketrong og formidlingslyst. Aanesen er utdanna guide, pedagog, yogainstruktør og soppsakkyndig, og har både norsk, engelsk og tysk som arbeidsspråk.

Aktiv i Modalen byr på opplevingar for deg som ønskjer å komme tett på naturen og kulturen i Modalen – eit godt stykke unna masseturismen. Aanesen tek deg med til støls, til fjells, ut på lokalhistorisk vandring gatelangs på Mo – eller du kan leige sykkel, bli med på yoga, eller booke soppkurs. Aktiv i Modalen tilbyr også overnatting i stølshus i fjellet, eller i eit retrohus frå det glade 60-talet på Mo.

976 28 131
post@aktivimodalen.no
Oversikt over aktivitetar i Modalen Praktisk informasjon