Modalen er ein jordnær og magisk vestlandskommune som byr på dei gode opplevingane langt frå kvardagens mas.

Med knappe 400 innbyggjarar er Modalen landets nest minste kommune. Hos oss risikerer du med andre ord ikkje å måtte stå i kø, eller føle deg som ein turist satt i system. Alle våre tilbod er unike, autentiske og nære småskalaopplevingar, uansett om det er snakk om aktivitetar, mat eller overnatting. Det er du som gjest, og dine ønskjer og behov, som står i sentrum.

Som namnet på kommunen vår avslører er Modalen ein langstrakt dal som startar i Stølsheimen, og som følgjer Steinslandsvatnet og Budalselva nedover til Mo og Mofjorden, ei forlenging av Romarheimsfjorden. Kommunesenteret er Mo, og mange av offentlege og private tilbod ligg i denne bygda, men det er også fleire andre mindre bygder i kommunen som ligg oppover dalen, og som er vel verdt eit besøk. 

Modalen er som mange andre vestlandskommunar kjent for sin ville natur og fantastiske turmoglegheiter, og ein god del av vårt aktivitetstilbod er naturbasert. Modalen rommar spektakulære fjell, ein unik fjord (som før var eit vatn), og sjølvaste Stølsheimen. Alt på ein stad!